mandag 27. april 2009

DET E TURAN SOM TÆLLÆ!!!

Viss du lurte. Så er det altså det.


MEN ei heilt anna sak er dette. Og det tællj faktisk.

(Bird har fått med seg ka som tælle. Ut på tur.)

søndag 26. april 2009

PS


R.I.P.
Roskildearmband 07 og 08 og
Fres festival 08...

De var med meg gjennom tjukt og tynt. På armen som ein baby.
Eg vil sannsynlegvis alltid ha skillet på armen der de var fetsa.

Gudfaren på permisjon hos Bestemor Duck og Guffen

Åokeiii, no må eg nesten skrive littegrann sia eg likevel ligge her i sofaen og har pcen på fanget. Nuvel, sidan sist... kva har skjedd? Ganske mykje faktisk... eg trur ikkje det er vits i å skrive ein gang... eg kan nevne i fleng:


-Mexico FØR svineinfluensaen inntok landet...mistenkelig? Mohahahha
-fellesprosjekt men ein viss latter i salen KVAR forestilling MED WB-dongerijakke.
-diverse fiestas litt forskjellige plassa (ta på tæra deriblandt)
-samsetak<3 der eg ikkje fekk segle til Radøy, mitt livs største tragedie så langt... kanskje...eller kasnkje eg berre er gripen av stundens alvor.

SÅ:

Bryggen i Bergen er ein fin plass å ta ein utepils(sjølv om eg avskyr det ordet) med ein gjennomskitig skapning frå Volda, MEN ei enda finare brygge finn du ganske nøyaktig 35minutt unna med ein buss nr 300/301, evt 280, og eit lite stykke ned ein magisk skog og VIPS er du der! Og der har vi og vært. Alle dagane! og for ein fryd! Det er nesten min definisjon på lykke, bortsett frå det er ikkje hugsar... jaja, sånt skjer, viss ikkje har vi ikkje like mykje å snakke om. Eg tar den på mi skyldsøkande kappe. Men heldigvis var det meir skyld å fordele, og den tok alle mann på strak arm! Så skulle det avgjerast, svært omstendeleg, kven som skulle gå planken, og det blei.... INGEN! For med litt hjelp av fengselsomgrep og snakking rundt grauten, blei utvisisng til ikkje-utvising...igjen(!)

Nuvel, eg blei uansett(uansett) utvist av tannlegen til Haukeland der eg har tilbrakt nokre dagar i ein tilværelse som berre Henrik Wergeland kan kjenne seg igjen i då han skreiv "Til min gyldenlakk". Eg har prøvd å vere heilt stille så ikkje den urgamle dama som låg attmed meg i mitt værelse, men det var litt for vanskelig med slangar ut frå nasen, munnen, hender og armar og posar med blod som eg måtte holde på som små babyar eller evt teddybjørnar. Og så sang eg hurra for deg som fyller ditt år då eg vakna frå narkose, for eg hadde ein mistanke om at han på andre sida av oppvåkninga hadde bursdag. Det får eg aldri vite. Men det er bedre å ha sunge til ein som har u-bursdag enn å ikkje ha sunge til ein som faktisk har bursdag. Gratulerer med overstått, kjære opererte mann!

(!)



Av di grunn ser eg no ut som Gudfaren ELLER Guffen, men eg klarar ikkje heilt å bestemme meg. Kven ville eg helst vore i verkelegheita?



kva seier du?

mandag 5. januar 2009

Varg Veums Julefest


Eg elskar han. Og no har Team Varg endelig fullført si oppgave, nemlig å sjå alle filmane i løpet av 2 feriar. Oppdrag utført.
Favoritt: Falne Engler.



Ein rar, men magisk juleferie er forbi og eg seier meg bigsizefornøgd.
Høgdepunkt var
-Julafta så klart, og alt den førte med seg:)
-Sandane 2.juledag og dei 12 disiplane eg elskar. Utestengt igjen frå W.
-Danielbesøk. HVA SA DE!!!!???
-Kvamsøy & co med bål, dans, og flammande figurar.
-Film fra alle tidsalderar og av alle sjanger og kvalitetar.
-Poker - tap og vinn med samme Lina, pluss stram hatt og solbrille med speil.
-Julekomiteen presenterer: bilder frå verda - alle har vi vore på rek, på tide med smakebitar OG grisenasar.
-HedningSkyteklubben lærer rifle og hagle i kuldegrader. No kan eg bli med i ein actionfilm og sei "headshot" pechew!!
-Bade i Høyanger med 11 representantar frå Myri, det vil sei, vi tok over både sklie, badstu, boblebad, stupebrett og bassenga ellers.
-LIGRETTO! Spelet som går altfor fort.
-Lucifer: ei katte til besvær. endelig har katten min bestemt eg for å vaske seg(!) og han er på turboslankekur uten mykje virkning sia det er jul...
-Magnus med sin røde negl.
-Avslutning med sofaleik og våkenetter.

Så til slutt håpar eg alle har det bra

søndag 14. desember 2008

Juleevangeliet

Eg kan med frykt og glede hugse då eg og Lina var som Maria og Josef som ingen husrom fikk på russetreff i Førde då vi satsa på at busstasjonen var open eller ein russebil var varm. Denne natta var det både Narvesensoving, redda av Jesus som var før si tid i russebil, solariumkø-soving, bensinstasjondo-soving og littegrann busstasjonsøvn.

Vel, lite visste eg om at ein liknade situasjon ville oppstå då eg for til Bergen i går og ein viss pirattaxi feila i å møte opp og vi plutselig bestemte oss for å absolutt ikkje bruke pengar på taxi. Nuvel, vi gav fort opp benkane på festplassen, og satte heller kurs for lysthuset. Der var det varmt og godt, berre at det var litt kaldt, så vi skalv vidare inn på utedoen som lukta for likt internatet vårt til at vi gadd å sove der. Vi fann ein container å trille vårt jesusbarn i, men securitas var på sporet av oss. Så prøvde vi å bygge juletrehus, men ingen suksess. Så knuste vi isen på lille lundgårdsvann før vi vandra inn på eit herberge som var togstasjonen. Det var visst ikkje inne sjølv om det var tak der, så jesusbarnet fann vegen inn på busstasjonen der vi som fire julegåver la oss under ein juletre og sov lenge og vel.

Men då eg vakna hadde to av gåvene lagt seg i boblebadet, og vi fann ut atvi var tre minutt for seine til bussen og at den neste ikkje gjekk før om to timar. Då furta jesusbarnet la seg igjen uten å bli med på de tre vise menns plan om å reis etil åsane med buss og så ta taxi heim. Den planen var lur som eit egg (sjølv om sjåføren lo av oss og gjentok ord som "graviditet", for vips var vi framme og kunne ete frukost med alle foreldre.

fredag 12. desember 2008

Vil du vere med å støtte ein skule på Sri Lanka?


back to the 90's - good times.

Eg har vore bøssebærar. og kom på 3.plass i konkurransen, truleg mykje takka vere fredrik som satt på lille teater-cafeen med meg uten å kjøpe noko. for ein draum det var, du. ka ska ein sei te sånt?

Lina er endelig tilbake og eg har sakna ho heilt griselig, for første gang i mitt liv!
Gler meg til jul og til å sjå filmar. geeeeeeeeh!!








Men så har eg jo sett masse south park. og misforstått. som hatt.
og savna folk. som venn. offff.
Timmah! sånn klara Janne å sei navnet sitt. Jannah!! Å, den juleepisoden der alle dyra skal få ein ny hedensk frelsar og Stan hjelpe dei. Åhahaha!

Timmah!!


Og alle må sjå Shoot 'em up for den var årntli festli!
Eeeeeee....va eje nå'a??

Ball i vegg


Plutselig, då eg og Bjarte stod og spente uskuldig fotball, for ballen eg nett hadde sparka på opp i vindauget, litt hardt, og knuste det i tusen knas sånn at nokre bitar stod 90grader i golvet og nokre låg i ribbeveggen.

Tenk det.